Volda Kommune
Volda kommune har tatt i bruk Somnofy som eit pilotprosjekt i samarbeid med Vital Things og Arena for Veldferdsteknologi (ALV). Volda kommune har i dag 40 Somnofy-sensorar. Dei er i bruk på ulike sjukeheimsavdelingar, både somatisk avdeling, korttidsavdeling og to demensavdelingar. I tillegg er dei i bruk på ein av våre omsorgsbustadar.
Vi opplever at Somnofy er eit framtidsretta produkt som vi ventar vil gje oss gode gevinstar framover, både når det gjeld pasienttryggleik og som eit styringsverktøy for dei tilsette. Vi ser at Somnofy gir mange moglegheiter for å betre pasienttryggleiken. Til dømes funksjonen «varsling av uro» har hjelpt personalet til å oppdage at bebuarar med fallfare er i ferd med å kome seg ut av senga. Eit anna døme er nattrapporten som gir dei tilsette på dagtid informasjon om korleis natta har vore. Denne informasjonen nytter dei til å tilpasse aktivitetsnivå og til å vurdere helsetilstand og medisinbruk. I tillegg er søvnanalysen ei god støtte når ein vil gjere tiltak for å oppnå betre søvn og betre funksjon på dagtid.
Somnofy fungerer også godt som eit styringsverktøy for nattevaktene våre. Dei nytter monitor-funksjonen på nettbrett. Der ser dei statusen på alle romma med Somnofy-sensor. Nattevaktene kan da prioritere å bruke tida si på dei som er vakne og urolige til ei kvar tid. Dette gir auka tryggleik og oversikt for dei tilsette nå natt.
